Sparbyggjen
Kontakt oss
Om Sparbyggjen
Kva hender?
Meld deg inn
Peikarar
Framsida
Sparbyggjen

Mållaget Sparbyggjen er eit aktivt lokallag av Noregs Mållag.

Lokalt har skolemål vori eit viktig arbeidsområde for oss. Derfor gir vi skolane og barnehagane i bygda abonnement på Norsk Barneblad og Barnehageavisa Pirion. Vi har to gonger tidlegare hatt kulturkonkurranse for elevar i grunnskolen i bygda. Vi har også arrangert bygdekveldar som har vori populære.

Noregs Mållag arbeider for å fremje det nynorske skriftspråket og dialektane. Noregs Mållag har rundt 11000 medlemmer i over 200 lokallag og 18 fylkeslag. Arbeidsområde er til dømes nynorsk skolemål, nynorske dataprogram og nynorsk i næringslivet.

Unge målfolk er organiserte i Norsk Målungdom, ungdomsorganisasjonen til Noregs mållag.

Meld deg inn og stå saman med oss og kjemp for bruk av norsk språk, god norskutdanning av lærarar, jamstelling av lærebøker og programvare på begge målformene.